Å hausta av naturen har gjennom generasjonar vore det einaste alternativet for å skapa seg eit brukbart liv her i Hordaland. Utkomme på hav og land, gjerne i kombinasjon med handverk, var måten å overleva på. Bergen var senter for grendene rundt - som mottakar av overskotsvarer og arbeidskraft. Gjennom samlingane sine av tradisjonelle hus, båtar, reiskapar og tekstilar kan Hordamuseet idag formidla noko av den særeigne levemåten til folket på bygdene i Hordaland. Museet har ei friluftsavdeling med 30 bygningar. Rike arkeologiske kulturminne på museumsområdet vitnar om busetjing her i 10.000 år. I utstillinga til Norsk vegmuseum på Hordamuseet finn du maskiner og utstyr nytta til bygging og vedlikehald av vegane i fylket vårt.
På Fanafjellet ligg 9 stølsbygningar, som kvar fortel om seterdrift på fjellet. Setermuseet er ein del av eit vakkert og mykje brukt turområde. Setermuseet er gratis heile året. Opne hus på aktivitetsdagar i juni og august.

Foto: Regin Hjertholm
| Telefon: | 55 11 29 00 |
| Adresse: | Hordnesvegen 24 5244 Fana |
| Telefaks: | 55 11 29 01 |
| hordamuseet@bymuseet.no | |
Omvisningar på norsk/engelsk 1. juni - 31. august.
Vaksne kr. 60,-
Studentar kr. 30,-
Born gratis.
Halv pris på vaksenbillett ved besøk av fleire museer i Bymuseet eller ved framsyning av BTkort (BTkortet gjeld for to personar). Eigne prisar ved arrangement.
Museet er stengt onsdag 31. mars og heilagdagene i påsken 1. til 5. april, 1. mai, Kristi himmelfartsdag 13. mai og pinsehelgen 22-24. mai.
Enkel kafé - matbestilling for større grupper
Museumsbutikk
Ta Bybanen frå sentrum til Nesttun og buss nr 60/61/62 eller 63 til Hordamuseet/Stend, eller ekspressbuss direkte frå Bergen sentrum til Lagunen og buss vidare derifrå . www.skyss.no