Historieverkstaden ved Bymuseet i Bergen er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike lag og organisasjonar med interesse for historie, Bergen kommune, Kulturkontoret i Fana og Ytrebygda og Bymuseet i Bergen.
Historieverkstaden er ein møteplass mellom fagmiljø og den lokalhistoriske rørsla. Samarbeidet har som siktemål å fremje den kunnskapen som dei ulike laga, organisasjonene og einskildpersonane representerar. Historieverkstaden skipar til arrangement, seminarar og utstillingar på arenaene til Bymuseet. Målsettinga er å ta vare på kulturminne og formidle kulturhistoria.
Historieverkstaden er ope for alle lag og organisasjonar i Bergen og omegn med interesse for historie. Ansvarleg for prosjektet er Marta Rykkje, frivillighetskoordinator ved Bymuseet i Bergen. Ta kontakt med Marta på tlf. 55112907 eller e-post marta.rykkje@bymuseet.no.
Tema:
Historieverkstaden er organisert i temagrupper, som til dømes tek føre seg samferdsle, strikking, handverk, kvardagsliv, matkultur, krigsminne, leik og barnekultur mm.
Prosjektorganisering:
Samarbeidsrådet utformar arbeidsplan for året gjennom val av tema og tiltak. Samarbeidsrådet har ein representant frå kvar organisasjon, med siktemål om å ha seks møter i året.
Arbeidsutvalet har ansvar for framdrift og gjennomføring av prosjektet. Arbeidsutvalet består av Aud Bakka (representant for dei frivillige), Kristin Skille Olsen (Fana og Ytrebygda kulturkontor, Bergen kommune), Per Øyvind Riise (direktør ved Bymuseet i Bergen), Marta Rykkje (frivillighetskoordinator ved Bymuseet i Bergen).