bymuseet i bergen informasjon | nyheter

Steinalder- og bronsealderdag på Hordamuseet sundag 20. april

Nok ein gong kan publikum få oppleva steinalder og bronsealder på nært hald. I området rundt Hordamuseet finn vi mange spor frå fortida. Her har menneske jakta og fiska, sett opp telt og hus, fyrt opp leirbål og kokegroper. Gjennom praktiske demonstrasjonar og aktivitetar vil publikum få læra om korleis ein levde i Noreg for fleire tusen år sidan.

I steinalderen (8000 – 1800 f.Kr.) var flint eit svært viktig råstoff. Ein flintsmed vil syne korleis ei ”uformeleg” steinblokk kan formast til det kvassaste reiskap. Det vert og ein steinalder arbeidsplass der publikum kan få prøva å spikka og skrapa med flinteggar.

I bronsealderen (1800 – 500 f.Kr) vart metallet bronse teken i bruk, som rituelle gjenstandar men og som bruksgjenstandar. Denne sundagen kan publikum få oppleva støyping av bronsegjenstandar slik det kan ha gått føre seg, med enkle men effektive hjelpemidlar. Kopi av klede frå bronsealderen vil og bli vist fram saman med vakre bronsegjenstandar.

Husvære i steinalderen kan ha vore så mangt, men denne sundagen kan publikum få vere med å byggje ein rekonstruksjon av ei steinaldershytte, fletta saman av hasselgreiner.

Andre aktivitetar denne dagen vil vere gravekasser der born kan få leike arkeolog og grave fram spanande ting. Bogeskyting med enkle trebogar av steinalder type er alltid populært, og i forhistoria var det og livsnaudsynt å kunna treffa godt med pilen. Publikum kan få bli nærare kjend med helleristningar, og kan til og med få ta med seg ein heim ved å laga avtrykk av nøyaktige kopiar med ”frotasjteknikk”, ein arkeologisk dokumentasjonsmetode for bergbilete.
Ellers vil det bli høve til å hole ut ein kano med økser av steinalders- og bronsealderstype

Det vert og prøvesmaking av laks som er ”kokt” på varme steinar i kokegrop.

Pris:
Vaksne kr. 40,-
born kr. 30,-
born under 6 år gratis.

478_0

478_1

478_2

478_3

478_4