bymuseet i bergen informasjon | nyheter

Husflids- og handverksmessa

Velkomen til Hordamuseet si store, årlege husflids- og handverksmesse. Vi kan skilte med meir enn 60 utstillarar, med eit stort utval husflids-, handverks- og kunsthandverkprodukt for sal.

Her er stort og smått til både pynt og nytte: arbeid i tre, metall, keramikk, glas, porselen, lær og tekstil, snop, tradisjonskost og mykje meir. Det vert demonstrasjon av gamle handverksteknikkar som tredreiing, lefsebaking (laurdag), kipebinding, smiing, mm.

Arrangementet er lagt til bygningshistorisk avdeling, med utstillarar i og kring dei gamle husa på det vakre uteområde vårt. Der kan ein og høre stemningsfull toradarmusikk v/Fanaduren mellom kl 12.00 og 14.00 b.d.

Det er i år 10 år siden messa vart arrangert for fyrste gong og vi markerer dette med å skipa til et arrangement der det blir aktivitetar også for borna.

Det blir høve til å
-lage fingerdokker v/Brit Rage, Dokkegalleriet på Tysnes
-spikke tretroll
-lage perlesmykke v/ Siri Anne Hope, www.perlebutikken.no
-lage keramikk v/ Cecilie Johansson
-bli silhuettklippa av Hjørdis Harmens Kaland
-delta i leikarring (laurdag kl.13.00 -)

Gerd Wicklund Hansen synar m.a korleis mjølkekartongar kan nyttast til morosam dekorasjon.

På plassen bakom hovudbygningen vert det leikeplass for born og vaksne.
Open kafe
Hugs å ta med kontantar

Billettprisar: Vaksne kr 20 • born 7-16 år kr 10
BT kort ½ pris for 2 pers.

 

Hordamuseet ligg på Stend i Fana, like ved jordbruksskulen, dyreklinikken og badestranda Mjølkevika. Parkering ved Hordamuseet og Stend Jordbruksskule. Buss nr. 20 frå perrong 20 på Bystasjonen.

481_0

481_1

481_3

481_2