Handverkssundag og open landhandel på Hordamuseet, sundag 1. juni kl 12-16.
I snikkerbua på Hordamuseet vil tekstilhandverker Toril Velure demonstrere korleis ho tovar hattar.
Velure er tidligere husflidskonsulent i Norges Husflidslag. Ho har spesialisert seg på hattar og er sjølv ein ivrig hattebrukar. I produksjonen bruker ho mest norsk ull, ferdig farga og karda. Som dekor nuttar ho mykje strikk som ho tovar inn og også hår fra halen til hesten, hestetagl, vert nytta. Forutan hattar lager ho også sjal. Ho deltek på messer og utstillingar rundt om i landet. Meir info om Toril Velure finn du på www.torildfv.no
Landhandelen vil vere open med sal av m.a skillingsbollar, kaffi, snop, kort og bøker. Det blir høve til å låne ringspel og styltar eller prøve hesteskokasting.
Gratis adgang
