Handarbeidstreff på Hordamuseet første onsdag kvar månad kl. 18.00-20.30. Ta med handarbeid og kom!
Strikke- og stoppekaffi er ein variant av strikkekaféen der vi tek opp ulike tema som har med handarbeid å gjere, anten praktiske demonstrasjonar, føredrag eller for forteljingar. Folk kan elles ta med eige handarbeid, treffe andre med interesse for handarbeid, og utveksle mønstre, teknikkar og idear.
Strikke og -stoppekaffi har gratis inngang, og er ope for alle. Opningstid 18.00-20.30. Sal av kaffi og heimebakst frå Hordamuseet sin kafé.
Strikke- og stoppekaffi er knytt til Historieverkstaden ved Bymuseet i Bergen. Føremålet med tiltaket er å fremje utveksling og vidareføre handlingsboren kunnskap, ta vare på gamle teknikkar og tradisjonar, samt bidra til integrasjon og sosialt samvær med handarbeid.
Kontaktperson er Marta Rykkje, frivillighetskoordinator ved Bymuseet i Bergen, tlf. 95768951, marta.rykkje@bymuseet.no. Elles kan ein ta kontakt med Hordamuseet på tlf. 55112900.
Neste strikke- og stoppekaffi er onsdag 24. februar. Då syner Olga Breivik teknikken med å laga englemasker / kjærlighetsknuter med tråd og heklenål.
Husk å ta med heklekrok (tjukk heklekrok og tynt garn).