Dugnadsgjengen ved St. Jørgens Hospitals urtehage

Siden Hageselskapet gjenopprettet den medisinske urtehagen ved Lepramuseet har denne dugnadsgjengen bidratt med 6 dugnader i året.

Då urtehagen vart etablert i 1993, var det diverre ikkje så mange som tenkte på at hagen ville trenga eit visst vedlikehald. Etter ein del år var hagen temmeleg overgrodd. Dette vart kjent for publikum, og dåverande leiar av Hageselskapet Hordaland, Anne Tafjord-Kirkebø, tok kontakt og melde seg og medlemmene til innsats. Slik har det seg at frå 2004 er det Hageselskapet Hordaland som har det formelle ansvaret for vedlikehald av urtehagen. Hagen vart då strigla og fornya, og sidan gjeld det å halda fram i dei same godt opptrakka spora. 

Formålet seier seg sjølv: At hagen skal vera presentabel til ei kvar tid medan Lepramuseet held ope. Når sesongen er over, er det ein liten ekstrabonus for dugnadsgjengen at dei kan vera med å hausta av overskotet, som krydderurter, jordskokk og ymse frøplanter. 

For tida har vi ei liste med dugnadsfolk som tel ca. 40 namn. Gjennom sesongen brukar det trengast 5-6 dugnader, alt etter kor mange som stiller på den enkelte dugnad og ut frå korleis sesongen elles artar seg. Dugnadene vert haldne på ulike dagar og på ulike tidspunkt, slik at flest mogeleg skal kunna delta. Dugnadsleiar kallar til innsats når det er behov. Som regel dukkar det opp 10-12 personar, og av desse er det ein hard kjerne som alltid stiller. Dei fleste er nok medlemmer av Det Norske Hageselskap, men dette set vi ikkje som noko krav. Det viktigaste er at dei som er med trivst med slikt arbeid og er med på å skapa god stemning kring seg. Pensjonert apotekar Bjarne Thune har vore leiar av dugnadsgjengen ein del år.

Dei som har interesse av å vera med i dugnadsgjengen kan ta kontakt via e-post med bjarnethune@gmail.com. Interesserte kan òg bestilla omvisingar i urtehagen via same e-post adresse.