Farmasihistorisk gruppe Bergen

Hver annen tirsdag møtes en gruppe entusiastiske farmasøyter til registrering og gjennomgang av historiske apotekgjenstander.

I samband med feiringa av 400-års jubileet til Svaneapoteket i Bergen og for starten på norsk farmasi i det heile, vart det i 1995 arrangert ei omfattande utstilling med namnet "Extractum" i gamle Norges Banks lokale på Vågsalmenningen i Bergen. Pådrivarar frå apotekmiljøet var dåverande svaneapotekar Eli Bjørke Hellerslien, Bendte Larsen, Nina Aldin Thune og Bjarne Thune, alle med bakgrunn frå Svaneapoteket i Bergen.

Gjenstandane til utstillinga vart for det meste plukka ut frå Svaneapotekets rikhaldige samlingar og vart på nytt lagra på Svaneapoteket etter at utstillingsperioden var over. Då apotekbygningen få år seinare fekk ny eigar, og lagerplassen til apoteket vart sterkt innskrenka, hamna den omfattande samlinga med farmasihistoriske gjenstandar etter nokre års mellomlanding på Norsk Medisinaldepots dåverande avdeling i Bergen, på Bergen Bymuseum/Gamle Bergen. Samlinga har sidan vore der, men er ikkje vorten registrert, noko det byrjar å hasta med sidan det aller meste av utstyret har vore ute av bruk i mange tiår, og dei som kan ha brukt dette og tilsvarande utstyr er òg på veg ut av historia.

 Farmasihistorisk gruppe Bergen vart stifta på eit møte 15. februar 2011 med 4 deltakarar, kalla inn av Kirsten Marie Nordbø. Den 7.nov. 2013 kalla Britt Nagelgaard i samarbeid med Bjarne Thune inn til eit nytt møte med 9 deltakarar, og snart kom det i gang eit formelt samarbeid mellom museet og gruppa. Hovudformålet til gruppa er å registrera farmasihistoriske gjenstandar for Bergen Bymuseum, medan nokon som kjenner bruken av desse framleis er i live.

Museet har alt mange objekt med bakgrunn i apotek i sine magasin, særleg frå Svaneapoteket, byens og landets eldste apotek.

I det fjerne lyser målet: Å få til ei farmasihistorisk utstilling i Bergen, byen der norsk farmasi starta, og det så tidleg som i 1595.

Delmåla til gruppa er:

  • Å skriva artiklar på Farmasihistorie.com
  • Å skildra farmasihistoriske gjenstandar og korleis dei har vore brukte
  • Å skildra livet i apoteket og innan farmasien, slik den enkelte har opplevd det
  • Å skanna gamle bilde og samla dei
  • Å samla bilde av gjenstandar knytte til hovudformålet

I byrjinga møttest medlemmene høvesvis hos Britt eller hos Nina og Bjarne, men frå august 2014 har gruppa fått sitt eige vesle hus på Gamle Bergen. Her møtest no medlemmene annankvar tirsdag kl. 12 og held på med registreringsarbeid i 3-4 timar, til folk må kvar til sitt. Det har òg vore kalla inn personar utanom gruppa til hjelp. Gruppa består hausten 2015 av 9 personar med yrkesbakgrunn i apotek. Av desse er det ein "hard kjerne" på 6-8 som alltid stiller.

Kring registreringsbordet på Gamle Bergen er det ikkje svært mykje meir plass, men om nokon brenn etter å vera med, er dei sjølvsagt velkomne! Kvar og ein kan sitja med sin unike kunnskap om gjenstandar og prosedyrar som det er viktig å få registrert for ettertida.

Kontaktpersonar:

Britt: britt@nagelgaard.com

Bjarne: bjarnethune@gmail.com

Nettsider til vidare opplysing:

http://farmasihistorie.com/w/index.php?title=Farmasihistorie:Underprosjekt/Apotekhistorie

http://farmasihistorie.com/w/index.php?title=Farmasihistorie:Underprosjekt/Apotekhistorie/M%C3%B8ter