Historieverkstaden

Historieverkstaden er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike lag og organisasjonar med interesse for historie, Bergen kommune, Kulturkontoret i Fana og Ytrebygda og Bymuseet i Bergen.

Historieverkstaden er ein møteplass mellom fagmiljø og den lokalhistoriske rørsla. Samarbeidet har som siktemål å fremje den kunnskapen som dei ulike laga, organisasjonene og einskildpersonane representerar. Historieverkstaden skipar til arrangement, seminarar og utstillingar på arenaene til Bymuseet. Målsettinga er å ta vare på kulturminne og formidle kulturhistoria.

Historieverkstaden er ope for alle lag og organisasjonar i Bergen og omegn med interesse for historie og er eit samarbeidsprosjekt med Fana Kulturkontor. Historieverkstaden tek føre seg ulike tema som til dømes samferdsle, strikking, handverk, kvardagsliv, matkultur, krigsminne, leik og barnekultur mm.

Historieverkstaden arrangerer Matprat ein gong i månaden og Strikke og Stoppe Kaffi ein gong i månaden ved Hordamuseet. Informasjon om desse kveldane legges ut på Bymuseet i Bergen si nettside, samt facebook side. For meir informasjon om Historieverkstaden, ta kontakt med frivillighetskoordinator ved Bymuseet, Christine Frønsdal-Hopp på telefon 45081778 eller epost chrfro@bymuseet.no.