Livet i fjord- og kyststroka

Museet har sidan starten drive systematisk innsamling i Nord- og Midhordland og har kulturhistoriske samlingar som omfattar bygningar, inventar, båtar og reiskapar til sjøbruk, handverk og jordbruk, samt ei stor samling tekstilar og draktdelar.

Hordamuseet formidlar levemåten til folket som levde i bygdene i Nord- og Midhordland. Museet har ei friluftsavdeling med tradisjonelle bygningar og rike arkeologiske kulturminne, samt fleire faste ustillingar. I den nye båthallen vert store delar av den eineståande samlinga av opne, klinkbygde båtar vist fram. Museet har dessutan ei unik samling med ti biletteppe vovne av Ragna Breivik. Teppa fortel historia om Åsmund Frægdagjeva og er vovne etter kartongar måla av Gerhard Munthe. 

Stølsmuseet på Fanafjellet, med ni stølsbygningar, utgjer òg ein del av Hordamuseet sitt område og samlingar. 

Vi fokuserer på å gjere stadig større delar av samlingane tilgjengelege via nettportalen www.digitaltmuseum.no.