"Med segl og årer som framdrift"

Båtar med kvar sin soge å fortelja.

I Noreg har vi levd ved kysten i 11 000 år. Båten har gjeve oss eit levebrød, og sytt for kontakt mellom folk og grender, by og omland. Båten var og med på å binda saman landet til ein nasjon. Båthallen på Hordamuseet inneheld 26 klinkbygde, opne trebåtar, med segl og årer som framdrift. Båtsamlinga til museet er ei av dei viktigaste i landet, med fleire eineståande båtar av stor kulturhistorisk tyding.

Båtane i utstillinga kjem i hovudsak frå Hordaland, men Sogn og Fjordane er også representert. Dei har røtene sine godt planta i eldre jernalders klinkbyggjingsteknikk, ein tradisjon som går 1700 år attende i tid her på Vestlandet.

Utstillinga syner korleis ein lærte å byggja båt. Ikkje ved å lesa seg til det i bøker eller å sjå på arbeidsteikningar, men ved å læra av dei som kunne. Det skjedde ei kunnskapsoverføring frå slekt til slekt. For å bli ein god båtbyggjar laut ein ha formsans, vera ein framifrå handverkar, ha omfattande kunnskap om skog og materialar, og ha evna til å tilpassa båten til brukaren sitt behov.

Utstillinga legg stor vekt på det varierte bruksområdet til båtane. Frå presteskyss til brugdefangst, frå posttransport til regattaseiling.

Båthallen er teikna av sivilarkitekt Øivind Maurseth, Link arkitektkontor. Den er finansiert ved midlar frå Kulturdepartementet, Hordaland Fylkeskommune og Grieg Foundation.