«Brød af Steen og Aand af Striler»

Ei utstilling om eit levesett

Fiskarbonden var ikkje ein person, men ein måte å leva på. Mat og inntekt vart i hovudsak henta frå fiske og jordbruk. Ved å hausta frå både sjø og land vart det lettare å klare seg enn om ein berre skulle utnytta ein av delane.

Fiskarbonden sitt liv var styrt av årstidene. Vår, sommar og tidleg haust var det arbeidet med jorda og dyra som var det viktigaste. Åkrane vart spadde opp etter å ha lege ubrukte sidan hausten. Husdyrgjødsel måtte spreiast over åkrane. Gjerda måtte ordnast. Om sommaren var det slåttonn som sikra mat til dyra gjennom vinteren. Graset måtte tørkast og fraktast heim i løa som fòr til dyra gjennom vinteren. Om hausten måtte kornet i hus saman med grønsaker, og dyr skulle slaktast.

Dei lyse vår og sommarkveldane kunne nyttast til heimefiske, men det var haust og vinter som var viktigaste tida for fiske. Sildafisket på vinter og tidleg vår var utan tvil viktigast. Familien utgjorde eit arbeidsfelleskap, men kvar hadde og sine særskilte arbeidsoppgåver. Kvinner og jenter hadde ofte hovudansvaret for garden, medan mannfolk og gutar kunne vere borte i vekesvis på sildafiske. Borna kunne få arbeidsreiskap tilpassa alt etter kor gamle dei var, men litt tid til å leika vart det alltid likevel.
Fiskarbonden sitt liv i Nord- og Midhordland vert presentert gjennom gjenstandar og fotografi, samla inn gjennom 70 år.