Selbuvotter

Den to-farga votten frå Selbu i Sør-Trøndelag er eit av våre fremste tekstile «nasjonalsymbol». Kunsthandverkaren Anne Bårdsgård, som står bak utstillinga, har gjort eit stort registrerings- og innsamlingsarbeid, og skrive ei praktbok om Selbuvottar.

I utstillinga kan ein sjå kopiar av over 500 gamle selbuvottar, med stor mønsterrikdom og variasjon – handfaste vitnesbyrd om ein levande tradisjon som går attende til midten av 1800-talet.

Strikkeutstillinga fokuserer på mønsterskatten i selbustrikkinga. Alle gjenstandane er strikka opp etter eldre mønster på bladvottar og fingervottar. Nokre mønster er kopiert direkte frå plagga, andre er kopiert frå fotografiar, og mange er tatt frå eldre mønsterark eller «rosbøker». Rosbøker er ei personleg samling mønstre.

Bladvottane og fingervottane i utstillinga er strikka opp i samband med bokprosjektet «Selbuvotter». Boka vart lansert 14. august 2016, og her er dei fleste sidene ved selbustrikkingas historie presentert. Hundrevis av mønster er samla og systematiserte i ulike emne. Mange mønster er også tilrettelagde for oppskrifter og gjort tilgjengeleg for strikke-entusiastar, som vil ha nye utfordringar.

Vandreutstillinga vart opna i Klæbu i 2015, har vore innom Selbu Bygdemuseum og Trøndelag Folkemuseum. Etter utstillingsperiode på Hordamuseet, Bymuseet i Bergen, er neste stopp Norsk Folkemuseum på Bygdøy.

Utstillinga «Selbuvotter», kan du sjå på Hordamuseet frå 12.mars til og med 28. januar 2018.