Vegen

Med hakke og spade, steinknusar og vegvalsar.

Norsk vegmuseum har ei fast utstilling - Vegen - på Hordamuseet på Stend. Med denne utstillinga ønskjer ein å gje publikum eit lite innblikk i ein bygdeveg i perioden 1860 – 1940. Temaet til utstillinga er tredelt ved at den gir eit bilete av anleggsfasen, vedlikehaldsfasen og til sist bruken av vegen.

Norsk vegmuseum driv eit desentralisert museum, på same vis som fleire andre etatsmuseum i Noreg. Derfor finn vi ei utstilling om veg på Hordamuseet, eit museum som vi ikkje normalt forbinder med industriell eller teknisk utvikling. Eller høyrer det kanskje heime her likevel? Hordamuseet sitt hovudtema er knytt til levekåra til hordalendingane frå den fyrste busettinga og fram til i dag – og vi får vel seie oss samde om at utbygginga av vegnettet har betydd, og betyr framleis mykje for folk anten dei er hordalendingar eller framandfolk. Veg og landgåande kjørety har tatt opp konkurransen med det som tidlegare var det viktigaste transportmiddelet – båten.

Vegbygging var og er hardt og vanskeleg arbeid. Utfordringane til vegingeniøren og -arbeidarane er mange. Tenk berre på dei geografiske og topografiske på forskjellane mellom Hordaland og til dømes det nordlege Tyskland.

Mykje av arbeidet blei tidlegare utført for hand, med hakke og spade. Men den tekniske utviklinga hadde no lagt til rette for at maskiner blei gode hjelparar i arbeidet. Steinknusarar og vegvalsar var i bruk frå midten av 1800-talet. Smeden spela og ei viktig rolle. Etterkvart som vegen blei lagt, flytta smeden med - med heile smia med på lasset.