60.3983383,5.322741899999983,14
SKJUL KART
Utstilling / Bryggens Museum

Heim - skjøre sanselege arbeid i streng og metalltråd

Se bildegalleri

Bryggens Museum har invitert kunstnaren Marta Nerhus til å ha separatutstilling. Utstillinga Heim opnar på Bryggens Museum 22. oktober 2016.

Ein tematikk i utstillinga er mor og barn på flukt. Mange av verka tar utgangspunkt i pressefoto. Marta har og laga bilder av norske flyktningar i Finnmark og norske innvandrarar til Amerika i 1880 åra. Ho ser på likskap bak tid og klesdrakt, eit av bileta ho har laga viser ei av dei utviste småjentene frå Afghanistan i nasjonaldrakta si, tittel, Bro bro brille.

Eit sentralt verk i utstillinga er eit stort arbeid etter det ikoniske BT fotografiet til Jan Lillebø, av aksjonistane Gudrun Tvilling Folkedal, Synnøve Kvamme og Halldis Folkedal i kampen mot Monstermastene, i Hardangerbunad. (sjå billedgalleri www.bymuseet ).

Alle verka er laga i metalltråd. Midt i utstillingen vert ein stor installasjon av 600 små hengande båtar.

Meir om historia bak utstillinga til Marta Nerhus som står fram til 19. februar 2017

 

Se bildegalleri