Museum

Hordamuseet

VIS KART
60.27174582198181,5.326003432273865,11
Museum

Hordamuseet

SKJUL KART

Tett på naturen og i balanse med denne

Til alle tider har folk flest budd på landet, tett på naturen og i balanse med denne. I Hordaland var tradisjonelt gardsdrift og fiske, gjerne med handverk som attåtnæring måten ein overlevde på. Landskapet var velpleid. Dyra gjekk på beite i utmarka og heldt vegetasjonen nede. Bakkemurar og steingardar vart bygd og halde ved like. Om sommaren var innmarka dekka av rad på rad med hesjer fylt med tørrhøy, og åkrar med potet og korn. På lunnane framfor nausta låg tjørebreidde færingar og turka i sola. Livet var styrt av årstidene og ikkje av klokka.

Hordamuseet ligg på Stend, med Fanafjorden som næraste nabo. På området er det tydelege spor etter folk som har levd her i fortida. Gravhaugar, ein stor steinsirkel, og eit 34 meter langt naust frå romartida, er sterke uttrykk for maktkonsentrasjon og kultisk aktivitet, nesten 2000 år attende.

På Stend og Fanafjellet har museet bygd opp att mange gamle hus som er henta frå Nord- og Midhordland. Husa vitnar om levesett i eldre tider, om byggeskikk, handverk og kunnskap utvikla gjennom hundrevis av år. I sommarsesongen kan ein oppleva korleis livet arta seg i husa og på tunet. Røyken frå brenning av torv og ved strøymer opp gjennom pipa. Flatbrød blir bakt, gras hesja, og ullsokkar vert bøta og spøta.

Om ein tek turen opp i hovudbygningen til museet kan ein sjå faste og skiftande utstillingar med mange interessante tema. Båthallen, som blei opna i 2013, er det siste tilskotet til museet og syner kor grunnleggjande viktig båten har vore for folk ved kysten. Her er det og ein hyggeleg kafe der lukta av nysteikte vaflar fyller rommet.

Gjennom året skipar Hordamuseet til mange populære publikumsarrangement. Her kan nemnast forhistoriske dagar med vekt på steinalder, bronsealder og jernalder. Museet er vertskap for den tre dagar lange vikingmarknaden «Bjørgvinmarknaden». På stølsavdelingen til museet på Fanafjellet blir det skipa til «Fanafjellsdag» og på slutten av sommaren er det «Gøy på landet». Oppunder jul bli det god gamaldags julastemning med «Førjulsdag på Hordamuseet».

Hordamuseet har mange tilbud til barnehager og skoler

Faste og skiftande utstillingar på Hordamuseet


Opplevelser på Hordamuseet

Våre museer
Rosenkrantztårnet
Rosenkrantztårnet
Åpningstider

15.05 - 15.09: Daglig 09.00 - 16.00

16.09 - 14.05: Søndag 12.00 - 15.00

Rosenkrantztårnet er lukket:

9.-17. april

1. og 17. mai,

21. desember - 1. januar 2018

Kontakt

Telefon: 479 79 578/55 30 80 30

Epost: post@bymuseet.no

Adresse: Bergenhus Festning

 

 

60.3990196,5.3181981999999834,14
Håkonshallen
Håkonshallen
Åpningstider

16.09 - 14.05: Daglig 12.00 - 15.00

15.05 - 15.09: Daglig 10.00 - 16.00

Håkonshallen stenges ved spesielle anledninger:

23. og 28. mars, 9.-17. april

1. og 17. mai

Festspillene: 24. mai - 8. juni

21. desember 2017 - 1. januar 2018

Rosenkrantztårnet er åpent når Håkonshallen er stengt

Kontakt

Telefon: 479 79 577/55 30 80 30

Epost: post@bymuseet.no

Adresse: Bergenhus Festning

 

60.39932427890707,5.318112373352051,14
Bryggens Museum
Bryggens Museum
Åpningstider

01.09 - 14.05:

Mandag - fredag: 11.00 - 15.00

Lørdag - Søndag: 12.00 - 16.00

15.05 - 31.08:

Daglig: 10.00 - 16.00

Lukket: 14.-16. april, 1. og 17. mai,

22. - 26. desember,

31. desember 2017 og 1. januar 2018

Kontakt

Telefon: 55 30 80 30

Epost: post@bymuseet.no

Adresse: Dreggsalmening 3

60.3983383,5.322741899999983,14
Hordamuseet
Hordamuseet
Åpningstider

Tirsdag - torsdag: 12.00 - 15.00

Søndag: 12.00 - 16.00

Hordamuseet er lukket:

8.-17. april

1., 17., 25. mai

3.,-5. juni

22. desember 2017 - 2. januar 2018

Kontakt

Telefon: 479 79 580/479 79 591

Epost: hordamuseet@bymuseet.no

Adresse: Hordnesvegen 24, 5244 Fana

Bybane til Lagunen, buss 60, 61 og 62 til Stend

60.27174582198181,5.326003432273865,11
Gamle Bergen Museum
Gamle Bergen Museum
Åpningstider

15.05 - 31.08: Daglig 09.00 - 16.00

Delvis åpent museum:

01.05 - 14.05: Daglig 10.00 - 15.00

01.09 - 17.09: Daglig 10.00-15.00

Museet er lukket: 17. mai

Kontakt

Telefon: 479 79 576/55 30 80 30

Epost: gamlebergen@bymuseet.no

Adresse: Nyhavnsveien 4, Elsero

Buss nr.: 3, 4, 5, 6 & 83, Stopp: Gamle Bergen

60.4181621,5.3093139000000065,12
Skolemuseet/Holbergmuseet
Skolemuseet/Holbergmuseet
Åpningstider

Skolemuseet/Holbergmuseet er stengt i 2017

grunnet ombygning.

Periodevis vil det være mulig å

ta imot skoleklasser.

Kontakt

Telefon: 47301775/55 30 80 30

Epost: skolemuseet@bymuseet.no

Adresse: Lille Øvregate 38

60.39412396349833,5.330463407590287,15
Damsgård Hovedgård
Damsgård Hovedgård
Åpningstider

01.06 - 31.08

Daglig: 12.00 - 16.00

Kontakt

Telefon: 47 97 95 84/55 30 80 30

Epost: damsgard.hovedgard@bymuseet.no

Adresse: Alleén 29

Buss nr: 16 og 17

60.3833548622059,5.302020185336005,13
Alvøen Hovedbygning
Alvøen Hovedbygning
Åpningstider

27. mai - 27. august

Lørdag og søndag: 12.00 - 16.00

Museet er stengt 10. og 11. juni.

Kontakt

Telefon: 479 79 581/55 30 80 30

Epost: alvoen.hovedbygning@bymuseet.no

Alvøveien 150

Transport: 5, 6 og 42 til Alvøen

 

60.35243699999999,5.190265899999986,12
Lepramuseet
Lepramuseet
Åpningstider

15.05 - 31.08: Daglig 11.00 - 15.00

Museet er lukket 17.mai

Kontakt

Telefon: 481 62 678/55 30 80 30

Epost: lepramuseet@bymuseet.no

Adresse: Kong Oscarsgate 59

60.39167680000001,5.333009100000027,14
Bryggen Guiding - til fots
Bryggen Guiding - til fots
Åpningstider

01.06 - 31.08:

Daglige vandringer:

Tysk 10.00

Engelsk 11.00 & 12.00

Norsk 13.00

Kontakt

Telefon: 55 30 80 30

Epost: post@bymuseet.no

Adresse: Dreggsalmening 3

60.3983383,5.322741899999983,11
Bergen i middelalderen - til fots
Bergen i middelalderen - til fots
Åpningstider

Juni, juli og august

14.00, 15.00 og 15.30

Kontakt

Telefon: 55 30 80 30

Epost: post@bymuseet.no

Adresse: Dreggsalmening 3

60.3983383,5.322741899999983,12