60.27174582198181,5.326003432273865,11
SKJUL KART
Aktiviteter / For barn / Hordamuseet

Jernalder- og melomalderdag

Jernalder- og mellomalderdag på Hordamuseet sundag 30. april kl 11-16
Se bildegalleri

Den årlege Jernalder- og mellomalderdagen er av dei største arrangementa til Hordamuseet. Møt ei mengd kunnskapsrike og engasjerte deltakarar i roller som krigarar, handelsfolk og handverkarar, vanlege menneske og storfolk frå jernalder og mellomalder.

Denne sundagen kan publikum få oppleva korleis ein lagar jern med jernalderteknologi! Det vert blestring av jern ved Bjørgvin Handverkslag under kyndig rettleiing av smed og blestringsekspert Jens Jørgen Olesen frå Danmark. Det vert smiing i den gamle smia med blåsebelg og mellomalderkrigarane i Kongshirden 1260 bidreg med kampscener på området i full stridsutrustning.

Langskipet Haakon Haakonsson tek publikum med på tur på Fanafjorden, riding på islandshestar for born og ølbrygging på jernaldervis.

Ulike handverk frå jern- og mellomalder vert presentert av Bjørgvin Marknaden og Bjørgvin handverkslag. Perlemakarane lagar glasperlar med kolfyrt omn og blåsebelg. Omvising på fortidsminna frå jernalderen. Christian Olowo frå Anno Trondheim 2017 vil saman med Randi Stoltz læra born tekstilarbeid frå viking- og mellomalderen.

Elles kan publikum ta del i andre aktivitetar, som å tolka og laga runepinnar, karda ull og spinna tråd med handtein og baka vikingbrød på takke over open eld.

Det er duka for historisk sus, spanande opplevingar og mange publikumsaktivitetar !

Se bildegalleri

Andre opplevelser på Hordamuseet: