60.27174582198181,5.326003432273865,11
SKJUL KART
Aktiviteter / Utstilling / Hordamuseet

Selbuvotter

Se bildegalleri

 

Kunsthandverkaren Anne Bårdsgård, som står bak utstillinga, har gjort eit stort registrerings- og innsamlingsarbeid, og skrive ei praktbok om Selbuvottar.

Strikkeutstillinga fokuserer på mønsterskatten i selbustrikkinga. Alle gjenstandane er strikka opp etter eldre mønster på bladvottar og fingervottar. Nokre mønster er kopiert direkte frå plagga, andre er kopiert frå fotografiar, og mange er tatt frå eldre mønsterark eller «rosbøker». Rosbøker er ei personleg samling mønstre.

Bladvottane og fingervottane i utstillinga er strikka opp i samband med bokprosjektet «Selbuvotter». Boka vart lansert 14. august 2016, og her er dei fleste sidene ved selbustrikkingas historie presentert. Hundrevis av mønster er samla og systematiserte i ulike emne. Mange mønster er også tilrettelagde for oppskrifter og gjort tilgjengeleg for strikke-entusiastar, som vil ha nye utfordringar.

Vandreutstillinga vart opna i Klæbu i 2015, har vore innom Selbu Bygdemuseum og Trøndelag Folkemuseum. Etter utstillingsperiode på Hordamuseet, Bymuseet i Bergen, er neste stopp Norsk Folkemuseum på Bygdøy.

Utstillinga «Selbuvotter», kan du sjå på Hordamuseet frå 12.mars til og med 28. januar 2018.

Program for aktivitetar i utstillinga kan lastes ned her

Se bildegalleri