60.27174582198181,5.326003432273865,11
SKJUL KART
Utstilling / Hordamuseet

Livreddaren

Eit portrett av den norske spelsauen
Se bildegalleri

Vandreutstillinga "Livreddaren" er eit dokumentarisk portrett av den gamalnorske sauen, ein sauerase som har vore ein trufast fylgjesven gjennom fleire tusen år.

Ulla frå spelsauen har heilt særeigne kvalitetar. I tidlegare tider visste ein korleis ulla skulle nyttast, ein kunnskap som no er i ferd med å bli borte. Spelsauen er trengd bort av sau med ull som tekstilmaskiner betre kan handtera. Denne maskinulla har ikkje den same kvaliteten som spelsau-ull. Utstillinga «Livreddaren» vitnar om kva vi er i ferd med å mista grunna denne utviklinga, av genmateriale, praktisk kunnskap, historisk medvit og råvarer med heilt eineståande kvalitet.

Gjennom foto, tekst og installasjon får publikum ein presentasjon av ein viktig del av vår kulturbiologiske historie og korleis dyr og menneske har vore gjensidig avhengig av kvarandre.

Fotografiar av Nils Olav Mevatne

Tekst av Øystein Rygg Haanes

Installasjon av Marit Adelsten Jensen og Else Tysse Bysheim

Brosjyre "Livreddaren" last ned her

 

For english information, click here

Se bildegalleri