Fanafjorden Tradisjonssegling

Vi skapar eit miljø for samsegling og turar, stell og annan bruk av båtane

Fanafjorden Tradisjonssegling vart etablert 2012 ved Hordamuseet og laga då ein skriftleg avtale med Hordamuseet som regulerer bruken av nausta. Laget organiserer privatpersonar som har båt i og ved nausta til Hordamuseet.

Føremålet med laget er å halda i hevd og spreia kunnskap om bruken av små og mellomstore tradisjonelle norske, særleg vestnorske, opne ro- og seglbåtar. Me skapar eit miljø for samsegling og turar, stell og annan bruk av båtane.

Hordamuseet ser Fanafjorden Tradisjonssegling si verksemd som ein viktig del av museet sitt arbeid med å halda i hevd den immaterielle kulturarven knytt til båtbruk og kystkultur.

Laget deltek på fleire av Hordamuseets faste arrangement og tilbyr blant anna seglturar på Fanafjorden som ein del av «Gøy på Landet» i august. På kvart arrangement har mellom 100-130 personar delteke på seglturane. Dei fleste av desse er barn.

Laget driv med aktivitet året rundt. Seglturar med råsegl og sprisegl, roturar, fiske og båtstell for heile familien. Vinteren 2015 tok laget initiativ til å gjennomføre kurs i sying av råsegl til Oselvar seksæring. Vi har og skaffa midlar til og lagt ut ludnar frå Fotlandsvågsnaustet og Hatviknaustet. I 2016 skal virigga Hordamuseet sin seksæring «Babben» for både råsegl og sprisegl.

For meir informasjon, kontakt Kjell Magnus Økland på epost kjellmag@gmail.com.