Kystsogevekene

Kystkultur på Vestlandet

Få med deg gode kystkulturopplevingar! Kystsogevekene er sett saman av dagar der folk møtes og deler gode opplevingar - båtturar, aktivitetar, konsertar, føredrag, kulturvandringar og marknader. Fem veker, 22 kommunar, nær 200 ulike arrangement! Stiftinga Kystsogevekene organiserer Kystsogevekene.

Stiftinga er ei ikkje næringsdrivande stifting, med føremål å stimulere og virke som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av årlege kystsogeveker i Hordaland og Gulen. Kystsogevekene finn stad i august og september kvart år.

Kontakt Kjell Magnus Økland på telefon 95046739 for mer informasjon.