Nyheter / Knasande tang og måkebrøl

Knasande tang og måkebrøl

Sundag 18 august kl. 11-14 ynskjer me born mellom 8 og 12 år velkommen til å delta på lydlagestemmekurs på Hordamuseet.

Tematisk tek me utgongspunkt i kulturlivet ved kysten, fiskarbonden og livet ved sjøen.
Ei uhøgtideleg og gøy stund!

Kurset er eit samarbeidsprosjekt mellom stemmeentusiastane Kristine Bjånes og Elin Hestenes, Bymuseet i Bergen og Kystkultur og er støtta av Hordaland Fylkeskommune og Bergen Kommune.

Når: Sundag 18. august
Kvar: Hordamuseet

Kurset: kl 11-14 (med pausar og mat) i undervisningsrommet
Konserten: kl 14.30 (omlag 1 time)

Kva er ein deltakande konsert?

Ein deltakande konsert er eit konsept der du som publikum får vera med på store deler av det som skjer under konserten. Det kan vera alt frå å laga lydkulisser med stemma eller eit instrument, til å læra songar de kan syngja saman med oss under konserten.

Og kva med kurset?

I timane før konserten held me eit stemme- og lydlagekurs for born mellom 8 og 12 år. Der øver me på å bruka stemma på mange måtar, og lærer noko av det som skjer under konserten.

Born som ikkje er med på kurset (og dei vaksne) er framleis deltakande under konserten, men kursborna får eigne oppgåver i tillegg.
Kven held konserten og kurset?
Me er Kristine Bjånes og Elin Hestenes — to reinspikka stemmeentusiastar! Me har samarbeidd i ei årrekkje som songarar i vokalgruppa Taus, og no i ensembla Flaskehalz og Winckel. Me er båe utdanna dirigentar, og Kristine er utdanna barnehagelærer. Gjennom Den kulturelle spaserstokken, Fylkeskonsertane, Den Nasjonale Scene, Den kulturelle skolesekken og Hordaland Teater har me produsert små og store konsertar og forestillingar, og sunge for folk i alle aldrar.
Det siste året har me laga, og held, eit song-og lydkurs for SFO som heiter «KlangPang».

Eit av våre arbeidsprinsipp er at det å syngja og å bruka stemma ikkje berre skal vera for dei som allereie veit korleis dei gjer det. Stemmebruk kan vera så mykje, og det treng ikkje vera — og bør ikkje vera — pent og pynteleg heile tida.

Med oss har me pianist Helge Lilletvedt.

Konserten og kurset er eit samarbeid mellom Kristine og Elin, Bymuseet, Hordamuseet og Kystsogevekene. Prosjektet er støtta av Hordaland Fylkeskommune og Bergen Kommune.

Påmelding til kurs sendes til:
hordamuseet@bymuseet.no,
merk med: Barnets navn, alder, adresse, foreldres navn og telefonnummer

Påmeldingsfrist: 16/8.2019
obs. Begrenset antall plasser.

Pris på kurs: 300 kr (inkludert mat)
Pris på konsert: Inngongsbilletten til Hordamuseet (kr 100,- BT-fordel 50,-, barn gratis )

Andre nyheter

Kurs på Hordamuseet hausten 2019

Lær tradisjonelt, berekraftig handverk!

Strikkekaffi på Hordamuseet

Pjoning, hakking, fletting, tveband, kurvstrikk eller bare rett og vrang?
Flere nyheter