Livet i gamle dagar

Museumsområdet til Hordamuseet, med gamle trehus i vakkert landskap, er eit fint mål for ei utflukt, og gjev ei god ramme for å lære om livet i gamle dagar. Vi viser gjerne fram husa og gjennomførar praktiske aktivitetar tilpassa små barn.

Aktivitetar som høver godt for barnehagebarn er til dømes å bake klapsekaker eller flatbrød, karde og spinne ull, kverne korn og koke graut mm. Omvisingar i utvalde hus, som til dømes skulestova og krambua, pleier å slå an blant dei minste. Vi er òg opne for å ta opp andre tema og gjennomføre andre aktivitetar (sjå gjerne på skuletilboda).

Det vakre uteområdet er i seg sjølv verdt eit besøk. Mange barnehagar nyttar området utan å delta på undervisingsopplegg. Her er fine marker, langgrunn strandlinje og små skogholt.

Ta kontakt med museumspedagog Espen Kutschera for avtale: espkut@bymuseet.no tlf. 91808378

Du kan lese meir om Hordamuseet her.