Frå fjern fortid til nære gamle dagar

Våre populære undervisingstilbod "Gamle dagar", "Steinalder", "Bronsealder og Jernalder" er skreddersydde for samfunnsfags- og historieundervisinga i 1.-4. klasse, der ein skal verte kjend med korleis generasjonane før oss levde, lokale kulturminne, samt livet i forhistorisk tid.

På uteområdet til Hordamuseet er det 20 gamle hus frå landsbygda kring Bergen, dessutan mange fortidsminne frå både stein-, bronse- og jernalderen. Desse er bakteppe og arena for opplegga våre. Undervisingsopplegga våre er i hovudsak basert på praktiske aktivitetar, dels i kombinasjon med demonstrasjonar og omvisingar. Eit typisk undervisingsopplegg tek kring 2 ½ time, inkludert matpause, med rom for justeringar i begge retningar. 

Døme på undervisingsopplegg:

Gamle dagar: Baking av klapsekaker eller flatbrød, karding og spinning, omvisning i dei gamle husa mm. 

Steinalderen: Utgraving i gravekasser, spikking med flintknivar, skyting med pil og boge, kopiar av reiskapar, våpen og drakt mm.

Bronsealderen: Avteikning av helleristingar, metallstøyping, framsyning av kopiar av våpen, reiskapar og klede mm. 

Jernalderen: Omvising på fortidsminna, klinking av båtar, eldslaging, framsyning av kopiar av våpen, reiskapar og drakt mm. 

Det er òg mogleg å kombinere aktivitetar frå fleire ulike opplegg. 

Kontakt museumspedagog Espen Kutschera for å tinge plass: espkut@bymuseet.no tlf. 91808378

Du kan lese meir om Hordamuseet her.