Vikingtid og dansketid

I historieundervisinga i 5.-7 trinn skal elevane mellom anna lære om samfunnsutviklinga frå vikingtida (yngre jernalder) og ut dansketida (fram til 1814). Hordamuseet har eit eige opplegg for vikingtida, som er ein del av arkeologiundervisinga vår.

Hovudtemaet til Hordamuseet er livet på landsbygda i eldre tid. Her fins bygningar og gjenstandar frå distriktet kring Bergen frå slutten av mellomalderen og frametter.

Vikingtida (ca 800-1050 e.Kr.): Praktiske aktivitetar, med utgangspunkt i handverk og kvardagsliv, framsyning av rekvisittar, drakter, våpen og utstyr. Sjølv om dei fleste fortidsminna på museumsområdet er frå eldre jernalder kan dei òg nyttast som innfallsvinkel til samfunnsorganisasjon, religion, militærvesen mm. i vikingtida. 

Dansketida (1536-1814): Dei eldste husa på Hordamuseet gjev eit godt utgangspunkt for å forstå byggeskikk og levetilhøve på landsbygda i perioden vi gjerne kaller dansketida, særleg frå 1600-talet og frametter. Praktiske kvardagsaktivitetar som er med på å illustrere levetilhøva, t.d. baking av flatbrød, tekstilproduksjon og andre former for gards- og husarbeid, aktivitetar knytt fiske og sjøbruk mm.

Tidsbruk: ca 2 1/2 time inkludert matpause, men rom for tilpassing. 

Kontakt museumspedagog Espen Kutschera for nærare avtale, espkut@bymuseet.no, tlf. 91808378.

For undervising om mellomalderen (1050-1536), sjå Bryggens Museum.

Du kan lese meir om Hordamuseet her.