Spikking

Utstilling om spikking og tollekniven, med eit utval tregjenstandar, knivar og anna treverktøy

Spikking

7. april – 15. desember 2019

Folk flest i gamle dagar vart oppfostra til å vere sjølvhjelpen og nevenyttige. Med ein tollekniv i handa kunne dei fleste lage allslags småting i tre, utføre mindre reparasjonar, risse og dekorere. Spikking kan vere alt frå formålslaus tidtrøyte til kunsthandverk. Utstillinga er ikkje til berre for å sjåast, men skal inspirere og aktivisere publikum. Det vert mykje spikking og anna trearbeid på Hordamuseet i år.

Vårprogrammet «Sundagar på Hordamuseet» kan lastast ned her