“du skal nord i Trollebotten og løyse mi dotter or våndo.”

Ragna Breivik si biletteppeserie "Åsmund Frægdagjeva"

Biletteppeserien "Åsmund Frægdagjeva" av vevkunstnaren Ragna Breivik (1891-1965) er mellom juvelane i Hordamuseet si samling. Ragna Breivik arbeidde med den storslåtte teppeserien i 25 år, frå 1924 til 1949. Dei ti teppa har ei total lengd på heile 28 meter

Teppa er vovne etter akvareller av Gerhard Munthe (1849-1929), og illustrerar mellomaldervisa om helten Åsmund Frægdagjeva, som drog til Trollebotn for å hente den bergtatte prinsessa. Sidan 1977 har teppeserien hatt sitt eige utstillingsrom på Hordamuseet.

Sidan 1977 har teppeserien vore utstilt permanent i eige utstillingsrom på Hordamuseet.