Tett på naturen og i balanse med denne
Til alle tider har folk flest budd på landet, tett på naturen og i balanse med denne. I Hordaland var tradisjonelt gardsdrift og fiske, gjerne med handverk som attåtnæring, måten ein overlevde på. Landskapet var velpleid. Dyra gjekk på beite i utmarka og heldt vegetasjonen nede. Bakkemurar og steingardar vart bygd og halde ved like. Om sommaren var innmarka dekka av rad på rad med hesjer fylt med tørrhøy, og åkrar med potet og korn. På lunnane framfor nausta låg tjørebreidde færingar og turka i sola. Livet var styrt av årstidene og ikkje av klokka.
Hordamuseet ligg på Stend, med Fanafjorden som næraste nabo. På området er det tydelege spor etter folk som har levd her i fortida. Gravhaugar, ein stor steinsirkel, og spor etter eit 34 meter langt naust frå romartida, er sterke uttrykk for maktkonsentrasjon og kultisk aktivitet, nesten 2000 år attende.
På Stend og Fanafjellet har museet bygd opp att mange gamle hus som er henta frå Nord- og Midhordland. Husa vitnar om levesett i eldre tider, om byggeskikk, handverk og kunnskap utvikla gjennom hundrevis av år.
Hovudbygningen til museet huser faste og skiftande utstillingar med mange interessante tema. Båthallen, som blei opna i 2013, er det siste tilskotet til museet og syner kor grunnleggjande viktig båten har vore for folk ved kysten.
Faste og skiftande utstillingar på Hordamuseet finner du mer informasjon om her
Museets uteområde er åpent for alle, i friluftsmuseet kan man vandre mellom gamle hus fra Nord- og Midhordland. Melkeviken badeplass ligger rett ved siden av museumsområdet. Ta gjerne med mat og drikke for piknik i uteområdet. Grilling/bruk av åpen ild er forbudt på området.