60.27174582198181,5.326003432273865,11
SKJUL KART
Aktiviteter / Utstilling / Hordamuseet

Bisethmodellane

Eit forsøk på modernisering av det norske landbruket rundt midten av 1800-talet
Se bildegalleri

Utover på 1800-talet vart ønsket om å modernisera norsk jordbruk meir og meir framme, det gjaldt både nye dyrkingsmetodar, systematisk avl og ikkje minst utvikling av nye jordbruksreiskap.

Ein av dei som ivra mest for nye landbruksmaskiner var bruksfullmektig på Bygdøy Kongsgård, James Biseth. I 1840-åra hadde han vore styrar på Sinsen gård utanfor Christiania og hadde sett i gong ein mindre reiskapsverkstad med sal som føremål. På Bygdøy Kongsgård møtte han eit kongehus som hadde teke opp Carl Johan si interesse for landbruket. I midten av 1850-åra reiste kronprinsen frå landbruksmøte til landbruksmøte og tok del i debattane anten det gjaldt hesteavl eller tekniske problem. Biseth fekk tak i utanlandsk landbrukslitteratur med teikningar av landbruksreiskapar. Ut frå desse illustrasjonane eksperimenterte han seg fram til eigne løysingar og konstruksjonar. Etter kvart hadde Biseth konstruert 19 forskjellig reiskapar.

Han var særleg oppteken av harv og ulike kultiveringsreiskap som plogar, gjødslingsmaskiner, såmaskiner osb. Utfordringa for Biseth var å få dei nye ideane ut til bøndene. Her kom botsfengselet til hjelp. Botsfengselet vart teken i bruk i 1854 og var å rekna som eit reformfengsel etter amerikansk førebilete. Ein del av fangane vart mellom anna sett til å laga heile seriar av modellar både i full og mindre målestokk av Biseth-reiskapane. Landhusholdningsselskapet i Akershus tinga heile 18 sett av modellane til fordeling mellom sogneselskapa. Tingingar kom og inn frå andre stader i landet. Utfordringa låg i å få dei nye tankane ut til bøndene på landsbygda, og til å gjera bygdehandverkarane i stand til å laga nye reiskap som svarte til ”tidens fordringer”.

Biseth si modellsamling vart ikkje berre sendt frå landbruksmøte til landbruksmøte innanlands men kom så langt som til Paris i 1856. Allereie i 1868 var mange av ideane gått ut på dato. Då modellane var utstilt på Stockholmsutstillinga dette året kom ein kommentar frå Morgenbladet at modellane no var forelda, og berre tente til å latterliggjera nordmenn. Det vart hevda at modellane ikkje synte den teknologiske utviklinga på området, slik som stålpressing m.m. At ideane modellane stod for rett og slett var gått ut på dato. Trass i denne kritikken vart det produsert ”Bisethplogar” på Bærums verk så seint som på 1880-talet.

For english information, click here.

Se bildegalleri