60.27174582198181,5.326003432273865,11
SKJUL KART
Aktiviteter / Utstilling / Hordamuseet

Fanatrøyer til kvardag og helg

Fanatrøyene korleis såg dei ut ?
Se bildegalleri

Utstillinga ble satt opp i samaband med Kulturdagane i Fana og Ytrebygda og Ullveka, med siste åpningsdag 11.11.18.

På grunn av stor interesse for Fanatrøyene har vi fått utvida utstillingsperioden fram til og med sundag 16.12.18. 

Strikking er populært som aldri før og den stripete Fanatrøya er eit av dei mest populære mønstra på landsbasis. Men visste du at det òg fins einsfarga Fanatrøyer – kvite til menn og raude eller grøne til kvinner? Utstillinga viser eit lite utval av både gamle og rekonstruerte trøyer av alle tre typane. Utviklinga i det industrielle samfunnet har gjort at ein langt på veg mista mangfaldet, og i staden fekk ei slags standardisering av den stripete trøya. Dei andre trøyene har langt på veg vorte gløymt. Korleis såg trøyene ut før og kva har vi mista?

Litt meir bakgrunnshistorikk om Fanatrøyene og utstillinga:

Mannstrøya vart kalla nattrøye eller undertrøye i byrjinga. Når mennene gjekk frå garden, hadde dei gjerne vest utanpå. Trøya var ein del av folkedrakta og vart seinare brukt som helgetrøye. Frå 1920-30 åra vart trøya meir utanpåtrøye, slik vi kjenner ho i dag.

Kvinnetrøyene vart brukt under livet på folkedrakta. Den raude var brukt av dei som var gift, men gjekk ut av bruk før 1900. Den grøne held seg til ut på 1930 talet, men då som utanpåtrøye både for gifte og ugifte.

Den stripete trøya var kvardagstrøye for menn, men kom først i bruk rundt 1870 og er dermed den yngste varianten. I 1930-åra vart også denne brukt som utanpåtrøye, og gradvis også av kvinner. Trøya var tofarga, oftast kvit og brun eller kvit og mørkeblå. I dag finn du trøya i eit utal fargar og variantar.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Hordaland Husflidslag, Fana Husflidslag, Husflidskonsulenten i Hordaland og Hordamuseet/Bymuseet i Bergen 

På leiting etter Fanatrøyer – kan du hjelpe oss?

Dagens strikkarar er mindre bundne av eit bestemt mønster på Fanatrøya enn berre for nokre tiår sidan og Bymuseet ønsker å dokumentere dette mangfaldet i trøyer.

Vi inviterer derfor publikum til å ta med Fanatrøye som dei kanskje kan tenke seg å tilby til samlingane eller som vi kan få lov til å dokumentere. Både gamle og nye variantar av Fanatrøyene er av interesse. Send ein epost til samling@bymuseet.no eller kontakt oss på tlf 47979580 om du har spørsmål. 



 

Se bildegalleri