60.27174582198181,5.326003432273865,11
SKJUL KART
Aktiviteter / For barn / Utstilling / Hordamuseet

Med ein tollekniv i handa, utstilling og verkstad kvar sundag

Utstilling om spikking og tollekniven, med eit utval tregjenstandar, knivar og anna treverktøy
Se bildegalleri

Folk flest i gamle dagar vart oppfostra til å vere sjølvhjelpen og nevenyttige. Med ein tollekniv i handa kunne dei fleste lage allslags småting i tre, utføre mindre reparasjonar, risse og dekorere. Spikking kan vere alt frå formålslaus tidtrøyte til kunsthandverk.

Utstillinga handlar først og fremst om spikking, og synar fram eit variert utval spikka, heimelaga gjenstandar frå samlingane våre. I tillegg nyttar vi høvet til å vise fram nokre av alle dei flotte knivane vi har i Bymuseet, ikkje minst frå samlinga etter Thomas Breivik. Knivane er frå så å seie heile landet, ikkje berre Bergensregionen. Slik sett er dette nesten to utstillingar i eitt. Utvalet av knivar og andre gjenstandar er ikkje tilfeldig, men er heller ikkje gjort for å gje eit komplett bilete av verken knivar eller det ein spikka med dei.

Dei fleste knivane finst på Digitalt Museum (digitaltmuseum.no) med tilhøyrande informasjon. Detaljnivået på gjenstandstekstane varierer ein del, og nokre gjenstandar har ikkje eigen tekst. Dette er fordi nokre av tinga er sjølvforklarande, medan andre kanskje treng nokre ord for at vi skal skjøne kva dei var til. Dei tener uansett først og fremst som døme. Dette er mest av alt ei utstilling om handlingsbore kunnskap, immateriell kulturarv, meir presist kunsten å spikke.

Utstillinga er ikkje til berre for å sjåast, men skal inspirere og aktivisere publikum. I midten av rommet er det plass for spikking. Vi vil inspirere til å ta vare på dei norske spikke- og knivtradisjonane, og det gjer ein best ved å kniven fatt.

Det vert mykje spikking og anna trearbeid på Hordamuseet i år!

Se bildegalleri