60.27174582198181,5.326003432273865,11
SKJUL KART
Aktiviteter / Foredrag / Hordamuseet

Primstaven - den gamle kalenderen

Foredrag søndag 14. april 2019 kl 13 ved Oddvar Skre i Båthallauditoriet på Hordamuseet!
Se bildegalleri

Landet vårt ligg langt mot nord, og arbeidslivet på garden hang nøye saman med vekslinga mellom ei varm og lys årstid og ei tilsvarande kald og mørk årstid.

Primstaven eller ”rimstaven” kjem truleg av ordet ”rim” = tidsrekning, og er i si enklaste form ei fjøl der det er skore inn eit hakk for kvar dag i året, slik at det blir ei sommarside frå 14. april til 14. oktober og ei vinterside frå 14. oktober til 14. april. Primstavane går til bake til middelalderen og den katolske kyrkja, og har i tillegg til dagane eit varierande sett med merkedagar eller messedagar, som er avmerkte med ulike symbol. 

Merkedagane er oftast minnedagar for ulike helgenar, men nokre av dei går tilbake til førkristen tid og den gamle arbeidsinndelinga av året. Symbola på dei katolske messedagane har som regel samanhang med dødsmåten til helgenen, men i mange tilfelle har desse symbola fått dobbel tyding slik at i tillegg til den kyrkjelege skal dei fortelja noko om arbeidslivet på garden og årstidene.

Sundag 14 april, den første sommardagen, kan du høyre Oddvar Skre fortelle meir om Primstaven.

 

Vårprogrammet "Sundagar på Hordamuseet" kan lastast ned her

 

 

Se bildegalleri