60.27174582198181,5.326003432273865,11
SKJUL KART
Aktiviteter / For barn / Hordamuseet

Familiedag på Hordamuseet

Vel møtt til ein triveleg dag for store og små der gamle tradisjonar står i fokus. Sundag 25 august kl 12-16
Se bildegalleri

Ta ein tur på fjorden i flotte oselvarar. Lær å karde og spinne ull og sjå smeden forme glødande jern. Medan den gamla vasskverna maler korn vert det demonstrasjon av flatbrødbaking. Spikk din eigen smørekniv og lag trebåtar som du kan segla i bassenget vårt. Det vert riding for born, og føredrag om folkemusikk i Nordhordaland ved hardingfelespelar Silje Solberg. Bunadsgruppa i Fana syner fletting av sokkeband og perlevev, og vil svara på alle spørsmål om fanabunaden. Fana husflidslag deltek med spøt og bandvev for born. 

Kafé i Tøsdalsløa og open landhandel.

På Museet Stend Stasjon holder Osbanens Venner open stasjon frå kl. 11 -16. Venterommet med utstilte gjenstandar og bilde frå Nesttun-Osbanen (1894 – 1935) vil være ope for publikum. Veteranbiltreff ved Bergen Veteranvogn Klubb.

Veteranbuss i rute mellom Lagunen og Stend stasjon. Frå Lagunen (perrong D) kvar heile time frå kl.11.00 – 15.00 Frå Museet Stend Stasjon halv på heil frå kl.11.30 - 14.30 og siste buss retur kl. 16.00. Pris 30,- kontant eller vipps 

 

 

 

 

 

 

Se bildegalleri

Andre opplevelser på Hordamuseet: