60.27174582198181,5.326003432273865,11
SKJUL KART
Aktiviteter / Kurs / Hordamuseet

Kurs i ølbryggjing

Kurs i ølbryggjing
Se bildegalleri

Under kurset blir det brukt ein kombinasjon av tradisjonelt og meir moderne bryggerutstyr. Vi bryggar i eit grindabygg med tak, men som delvis er utan vegget so alle deltakarane må kle seg etter været.

Kurshaldar: Ole Mikal Olsen Ramsøy oleols@bymuseet.no

Dato: Laurdag 12.10 kl 09:00 - 17:00. Kurset blir halden i bryggerhuset, i den bygningshistoriske avdelinga på Hordamuseet. Oppmøte ved bryggarhuset.

Pris: 1300,- Inkludert i prisen er gjæringskar med gjærlås, gjær, malt, humle og 12-15 liter vørter, som blir til øl når det er ferdig utgjæra.

På kurset går ein igjennom dei ulike trinna i ølbrygginga: øltypar / å kombinera ulike malttypar for å få typeriktig øl / mesking av malt / siling av vørter / koking av vørter / humletypar / dosering og bruk av humle / kjøling av vørter /gjærtypar og gjæringspsosessen / lagring av moderne øl / karbonisering av øl. 

Påmelding: Bindande påmelding innan 1.oktober til hordamuseet@bymuseet.no Noter navn, adresse, epost og tlf.nr. 

Faktura for kurset vert sendt ut i forkant.

Se bildegalleri

Andre opplevelser på Hordamuseet: