60.27174582198181,5.326003432273865,11
SKJUL KART
Konsert / Hordamuseet

Konsert med Folkemusikar Silje Solberg

Under Ullveka og Kulturdagane i Fana og Ytrebygda blir det konsert med Folkemusikar Silje Solberg i Båthallen på Hordamuseet
Se bildegalleri

Silje Solberg er hardingfelespelar og kvedar frå Osterøy. Ho er utdanna på Ole Bull Akademiet, og har fordjupa seg i folkemusikktradisjonen i Nordhordland. I haust er ho aktuell med utgivinga Nordhordlandsslåttar 3, som er ein dobbel-CD med 52 hardingfeleslåttar frå Osterøy, og ei bok om spelemennene som spelte slåttane.

 

På konserten vil de få høyre nokre av desse slåttane, samt folketonar og slåttar frå Fana og Bergensområdet. 

 

Arrangementet er ein del av Ullveka og Kulturdagane i Fana og Ytrebygda som foregår i perioden 18-27 oktober.

 

Båthallen blir arena for kveldens arrangement.

Kl 19 omvising i Båthallen ved Ole Mikal Olsen Ramsøy

Kl 20 konsert ved Hardingfelemusikar Silje Solberg

 

Billettar på https://tikkio.com/tickets/10379-ullveka-2019  eller via www.ullveka.no

 

Billettpris 250,- / BT Fordel 200,- for inntil 2 vaksne ved framsyning av BT Fordelskort.

 

Se bildegalleri