60.27174582198181,5.326003432273865,11
SKJUL KART
Aktiviteter / For barn / Hordamuseet

Bruktmarknad på Hordamuseet

Velkomen til stor innandørs bruktmarknad! Eit samarbeidsprosjekt mellom Bærekraftige Liv Kaland/Stend, Bærekraftige Liv Apeltun/Skjold og Bymuseet i Bergen.
Se bildegalleri

Hordamuseet bruktmarknad søker seljarar! Sundag 29. september kl. 12-16 blir det stort innandørs bruktmarknad på Hordamuseet. Tema er klær, tilbehør, interiør (ikkje store møbler).

Me ynskjer både brukt og redesignet velkomen. Eigen avdeling for born som ynskjer å selje klær, leikar og bøkar.

Open kafe og utstillingar.

Vil du vera med å stille ut? Me tar no imot påmeldingar, her gjeld det å vera raskt ute, det fyllast fort opp! Ingen påmeldingsavgift!

Send påmelding til hordamuseet@bymuseet.no med litt informasjon om kva du tenkjer å selje, navn og kontaktinformasjon.

Treng du å låna bord? Me har eit begrensa antal til låns. Seljar er sjølv ansvarleg for å rydda med seg det ein ikkje sel på marknaden.

Bruktmarknaden er eit samarbeidsprosjekt mellom Bærekraftige liv Kaland/Stend, Bærekraftige liv Apeltun/Skjold og Bymuseet i Bergen.

Velkomen til ein hyggeleg sundag på museet!

Se bildegalleri

Andre opplevelser på Hordamuseet: