60.27174582198181,5.326003432273865,11
SKJUL KART
Aktiviteter / For barn / Utstilling / Hordamuseet

Sommardag ved fjorden

Familiedag med aktivitetar i uteområdet og i hovudbygningen kl 12-16
Se bildegalleri

Familiedag på Hordamuseet i år med ekstra vekt på mattradisjonar både våre eigne men og meir eksotiske.

Arrangementet vert i det stemningsfulle uteområdet ved Fanafjorden.

Opplev den gamle krambua med hyller fylt med ting ein kunne kjøpa i eldre tider, her kan ein og få smaka kandissukker. Ta tur på fjorden i flotte oselvarar. Lær å karde og spinne ull og, sjå smeden forme glødande jern. Medan den gamla vasskverna maler korn vert det demonstrasjon av flatbrødbaking. Spikk din eigen smørekniv og lag trebåtar som du kan segla i bassenget vårt. Det vert riding for born og tradisjonell ølbrygging for dei vaksne.

Utstillinga «Best før? Mattradisjonar og -vanar på Vestlandet» er open. Det er mykje historie i mat og drikke. Samspelet mellom by og land, og mellom Verda og Vestlandet, har vore avgjerande, ikkje berre for kva ein åt, men også for at ein i det heile skulle få mat nok på bordet.

Og sjølvsagt vert det kafe i Tøsdalsløa.

Vel møtt til ein triveleg dag for store og små der gamle tradisjonar står i fokus.

 

 

Se bildegalleri