60.27174582198181,5.326003432273865,11
SKJUL KART
Aktiviteter / Hordamuseet

Fra presteskyss til brugdefangst - Båthallen på Hordamuseet

I Norge har vi levd ved kysten i 11 000 år og båten har hatt enorm betydning både for kontakt mellom folk og for å gi folk et levebrød.
Se bildegalleri

Kjøp billetter til Fra presteskyss til brugdefangst

I Noreg har vi levd ved kysten i 11 000 år. Båten har gjeve oss eit levebrød, og sytt for kontakt mellom folk og grender, by og omland. Båten var og med på å binda saman landet til ein nasjon. Båthallen på Hordamuseet inneheld 26 klinkbygde, opne trebåtar, med segl og årer som framdrift.

Båtsamlinga til museet er ei av dei viktigaste i landet, med fleire eineståande båtar av stor kulturhistorisk tyding. Båtane i utstillinga kjem i hovudsak frå Hordaland, men Sogn og Fjordane er også representert. Dei har røtene sine godt planta i eldre jernalders klinkbyggjingsteknikk, ein tradisjon som går 1700 år attende i tid her på Vestlandet.

På ei omvisning i båthallen får du vite meir om korleis ein lærte å byggja båt. Ikkje ved å lesa seg til det i bøker eller å sjå på arbeidsteikningar, men ved å læra av dei som kunne. Det skjedde ei kunnskapsoverføring frå slekt til slekt. For å bli ein god båtbyggjar laut ein ha formsans, vera ein framifrå handverkar, ha omfattande kunnskap om skog og materialar, og ha evna til å tilpassa båten til brukaren sitt behov.

Du får og høyra om dei varierte bruksområda til båtane: Frå presteskyss til brugdefangst, frå posttransport til regattaseiling.

Varighet 45 minutter. Frammøte utenfor Hordamuseets hovedinngang.

Voksne 160,-. Studenter og barn kr. 80. BT Fordel 25% rabatt for inntil 2 voksne. Gratis med Bymuseets årskort. Ledsagerbevis

 

Les mer om Hordamuseet her

 

 

  

Se bildegalleri